torsdag 11. november 2010

"Abassadørene" av Hans Holbein


Bilete ”Ambassadørane” av Hans Holbein vart mala i år 1533. Element og gjenstandar i bilete er nøye gjennomtenkt og gir samanheng med renessansens tankar og verdiar. Vi ser at ambassadørane er kledd på ei måte som framhever deira stilling i samfunnet, som to velståande menneske. For mange vil måten klede av pels og silke, samt metall- og trearbeida vere svært imponerande, og vitnar om eit avansert og praktfullt arbeide av både skreddarar, broderarar og andre handverkskunstnarar på denne tida. Måten bilete er komponert med ulike symbol, gir oss eit positivt inntrykk av sentrale trekk ved renessansen som epoke, blant anna rikdom, nasjonal styrke og makt.

Ulike gjenstandar i bilete knyter seg direkte til trekk ved renessansen. Ulike navigasjonsinstrument øvst på hylla i bilete kan vere symbol på utforsking, oppdaging, og saman med globusen fortel dette oss om ei epoke open for nye impulsar utanfrå. Den merkelege gjenstanden mellom ambassadørane skal førestelle ein hovudskalle. På bakgrunn av renessansens fornuftstenking kan vi seie at hovudskallen avspeglar påminninga og oppfatninga om livet og dei avgrensa moglegheitene som følgjer. Boka i hylla kan vere symbol på opplysning og tilegning av kunnskap som sto sterkt i denne perioden. Heilt klart utgjer desse symbola saman i bilete viktige element i renessansen som epoke i europeisk historie.

Kjelder: "Ambassadørene"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar