torsdag 16. september 2010

Diktet "Trymskvida"


Det norrøne diktet, ”Trymskvida”, blei skreve ned i middelalderen. Diktet var først til i munnleg form, men blei så skreve ned i den eldre Edda. Innanfor Eddadikta kan vi klassifisere ”Trymskvida” som eit gudedikt, der vi gjennom dramatiske, alvorlege og humoristiske hendingar blir kjend med norrøne gudar og kva for verdiar dei representerer, noko som også kan seie oss at diktet er skreve langt inn i kristen tid.

I ”Trymskvida” blir vi kjend med guden Tor, Loke (halvt jotun), Trym ( jotne) og gudinna Frøya. Handlinga utspillar seg i Jotunheimen, der Trym og jotnene har sitt tilhald. Trym og jotnene har på eit vis stole Mjølner, hammaren til Tor, sjølve symbolet på forsvar av likevekt i verda. Trym stillar ei føresetnad om at skal Tor få hammaren tilbake, vil han ha Frøya som hustru, noko æsene sjølvsagt ikkje godtar. For å ta hammaren tilbake, kler æsene Tor ut som Frøya. I brudeselskapet ser vi ein klar form for komikk, då ”Frøya” et ein okse og åtte laksar! Om ikkje lenge bærer Trym inn hammaren som symbol på sjølve ekteskapet, men blir så drepe av Tor då han får fingrane i Mjølner.

I ”Trymskvida” bruker eddadiktaren verkemiddel som komikk for å vise til eit meir alvorlig bodskap: kor sårbar verda er for vonde makter, og kva konsekvensar som følgjer for alt liv på jorda. Kva for verdiar desse dikta representerar minner oss om å ikkje gjere narr av åsatroen, men at faktisk vi finn igjen de same verdiane i moderne tid gjennom andre eventyr og forteljingar.

Kjelder: Trymskvida

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar