onsdag 3. februar 2010

Varg Veum - "Kvinna i kjøleskapet"


Nok ei nervepirrande krimsak med privatetterforskaren Varg Veum, basert på Gunnar Staalesen si roman ”Kvinna i kjøleskapet”. I regi av Aleksander Eik har serien nok ei gong nådd ut til dei som søkjer hardbarka krim i ypparste klasse, som vanleg også med ubehagelege overraskingar og harde nøtter å knekke.

Vi opphaldar oss i Bergen, og privatetterforskaren Varg Veum er leid inn for å finne den geniale teknikaren og vitskapsmannen som under mystiske omstender har stukke av fra offshore-selskapet som forskar på moderne teknologi rundt revolusjonerande oljeboringsmetodar. Med seg tok han den verdifulle vitskapen selskapet har bygget opp.

For Varg skulle oppgåva bli stort verre enn forventa – først finn han ein partert kvinnekropp i mannens kjøleskap, deretter blir hans beste venninne påkjørt og drepen. Alt tyder på at det er mannen sjølv som er skyldig i begge drapa. Meir komplisert blir det når Varg finner ut at kvinna i kjøleskapet er mannen sjølv med gjennomført kjønnsoperasjon – nye løyndomar sig frem fra mørket, men det hele verker fastlåst og håplaust. Nokon stader bærer ”ploten” litt for mykje preg av overkoking og hardt arbeide for å sikre ei feilfri hardkokt krimstil, men alt i alt kjem regissøren godt ut av det.

Etter tapet av Vargs beste venninne, med planar om hjelpearbeid i fattige deler av Sierra Leone, blir det skapa det ny motivasjon og pågangsmot i jakta på mordaren, og som vanlig skjer det vi minst venter oss – den mest uskyldege og ambisiøse personen vi møter skal vise seg å vere ein sjalu, sinnssjuk mann, skuld i pengeutpressing og begge drapa.

Saka ender som vanleg også denne gongen med Varg som den store helten, alltid eit skritt føre politiet! Val av synsvinklar og innspillingsmetodar, samt lyd og spenningskurve er alt i alt godt gjennomført. Spend deg fast, og opplev nok eit godt gjennomført spenningshåndtverk!



Kjelder: www.youtube.com