onsdag 7. oktober 2009

Knut Hamsun

KNUT HAMSUN (1859-1952)

Knut Hamsun kjem frå staden Vågå i Gudbrandsdalen, og vart født 4. august 1859. Han voks opp på Hamarøy i Nordland fylke, men byrja tidleg på sin reise rundt i landet og resten av verda.
Hamsuns forfattarskap tilhører tidsepoken vi kallar nyromantikken, der det "ubevidste Sjæleliv" er det mest sentrale tema. No var kjensler og det ”levende menneske” som person vektlagt i diktinga, ikkje det ”virkelege livet” som var viktig i den tidlegare realismen. I 1890 debuterte han med romanen "sult", som blei byrjinga på hans karriere. ”Sult” er Hamsuns eiga sjølvbiografi som skildrar livet og utviklinga som forfattar gjennom svært vanskelige tidar.
I 1920 fekk han nobelprisen i litteratur for sitt forfattarskap og arbeide.. Andre sentrale verk er "Markens Grøde", "Victoria" og "Pan".
Hamsun viste stor sympati for nazistane under den 2. verdskrig, blant anna skreiv han avisinnlegg som oppfordra nordmenn til å leggje ned alle våpna. Som eit resultat av dette, er hamsunfeiringa i Noreg ein mykje mislikt storhending blant innbyggjarane. På tross av dette kan Hamsun karakteriserast som ein forfattar i verdsklasse, og eit viktig symbol i norsk litteraturhistorie!


Eg valde først og fremst denne forfattaren fordi han var knytta opp mot lærestoffet i norskfaget i ungdomskulen, det er derfor lettare å skrive om noko du har vore borti før! For det andre: han er jo norsk:-)!!


Kjelder: http://nn.wikipedia.org/wiki/Knut_Hamsun

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar